Bli tryggare på scena

Har du kjent på at du ikkje er levande nok eller ikkje får tak på teksten, at du rett og slett ikkje får tatt ut potensialet ditt som skodespelar?

Det kan vere typiske utfordringar i møte med eit scenespråk som er annleis enn det språket, dialekta eller språkstilen du bruker til vanleg. På Nynorsk scenespråksenter lærer du dialektovergang, først og fremst til nynorsknære dialekter, men metoden kan brukast på kva dialekt som helst.

Opptak: tre til fem deltakarar per kull, to kull i året

Søknadsfrist: 3. november

Kva lærer du?

  • Du får ei innføring i nynorsk

  • Du lærer å bruke nynorsk scenespråk levande og truverdig

  • Du lærer metode for dialektovergang, som kan brukast på alle dialekter
  • Du blir ein ressurs for oppdragsgjevarar og andre skodespelarar i møte med nynorsk tekst og scenespråk

Vil tilbyr

Møt fagmiljøet

Eldbørg Lognvik
Eldbørg Lognvik
Eldbørg har vore med og utvikla metoden for dialektomlegging og er ein av landets største kapasitetar på feltet. Ho har undervist ved skodespelarutdanninga på Kunsthøgskolen i Oslo i mange år og jobba ved Nationaltheatret, NRK og på filminnspelingar. Ho har gitt ut boka «Publikum på alle kantar», ei handbok i stemme- og språkarbeid.
Terje Lyngstad
Terje Lyngstad
Terje er norsklærar og har undervist i vidaregåande skule og høgare utdanning. Han var teatersjef ved Sogn og Fjordane Teater (no Teater Vestland) i åra 2004 til 2015 og ved Hordaland Teater (no Det Vestnorske Teateret) i 2016. Han har jobba med språk på teateret sidan slutten av 1990-talet, både med omsetjingar til nynorsk og det praktiske arbeidet med skodespelarar i prøver.

Skodespelarar som må spele på ei anna dialekt enn den dei bruker til vanleg, fortener å kjenne seg trygge på scena. Publikum på si side fortener å oppleve eit mangfald av dialektar i teater, film og lydproduksjonar. Dette skal Nynorsk scenespråksenter medverke til.

Terje Lyngstad, Dagleg leiar

I møte med ein ny dialekt (talemål, talemåte) blir vi fort ståande att med eit talespråk utan liv og innhald. Orda blir tekniske øvingar utan meining. Kroppen stivnar. Den nye språkdrakta blir for lita – vi får ikkje puste, vi får ikkje bruke stemma vår, tenke klart eller røre oss fritt. Ved Nynorsk scenespråksenter får deltakarane hjelp til å lage seg ei ny, fargerik drakt – med god stretch og ei nynorsk passform.

Eldbjørg Lognvik, Språkpedagog

Livet i Førde

Som deltakar på Nynorsk scenespråksenter blir du innlosjert i leilegheit eller kollektiv i nærleiken av Førde sentrum.

Du blir kjent med praktikantane på søsterverksemdene Nynorsk Avissenter og Nynorsk mediesenter. Delar av undervisinga er felles, og noko av det første som skjer er ein språkdag, der alle får ei lyninnføring i nynorsk.

Utanom timeplanen kan de ta for dykk av det Førde elles har å by på: fine naturopplevingar, samt kultur- og uteliv.

Som deltakar på Nynorsk scenespråksenter går du ikkje inn i teaterets ordinære drift, men du får sjanse til å prøve ut det du lærer for eit publikum på ikkje billetterte arrangement.

Oversiktsbilde av Førde sentrum. Foto: Arild Nybø.

Slik er søknadsprosessen

Søknadsfrist
3. november

Lurer du på noko?

Kontakt Terje Lyngstad
Telefon: 90 94 40 27
E-post: [email protected]