Eit nasjonalt scenespråksenter

Vi jobbar for levande og truverdig bruk av nynorsk på alle norske scener i teater, film og lydproduksjon.

Nynorsk scenespråksenter

Nynorsk scenespråksenter er ei avdeling under Teater Vestland. Vi tilbyr ei 14 veker lang etterutdanning for skodespelarar som ønsker kunnskap om nynorsk språk i skrift og tale og dialektovergang til nynorsknære dialekter. Etterutdanninga er solid fagleg forankra, og det er høg kvalitet på lærekreftene som til ei kvar tid underviser.

Ved Nynorsk scenespråksenter får du ei innføring i nynorsk språkhistorie og grammatikk. I tillegg lærer du metoden for dialektovergang, som går over seks trinn. Undervisinga er ein miks av teori og praktiske øvingar, og du får arbeide med scenetekstar i form av både monologar og dialogar, samt jobbe med regissør.

Nynorsk scenespråksenter er oppretta med støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, som deler ut gåver frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.

Teater Vestland

Teater Vestland er eit regionteater som turnerer i Vestland fylke. Det vart etablert i 1977 med namnet Sogn og Fjordane Teater, som det andre nynorskteateret i Noreg. Teater Vestland nyttar nynorsknære dialekter som scenespråk og syner kvart år 5-7 premierar og rundt 250 framsyningar.

Teater Vestland har nyleg flytta inn i nye teaterlokale i Nynorskhuset, den største nynorskklynga i landet, saman med NRK Vestland, Firda, Nynorsk Avissenter og Nynorsk mediesenter. Nynorskhuset ligg midt i Førde sentrum.

Nynorskhuset

Nynorskhuset er eit kombinert medie- og kulturhus, og det første av sitt slag i landet. Under eitt og same tak finn du NRK Vestland, Firda, Teater Vestland, NRK Nynorsk mediesenter og Nynorsk avissenter. I tillegg held restauranten Røyst til i huset.

Nynorskhuset opna i september 2023 og er ei samlokalisering av medieverksemder og kulturinstitusjonar i Førde. Klynga er eit inspirerande utviklingsmiljø for aktørane, og skal vere grobotn for nye verksemder. Nynorskhuset utgjer vel 110 tilsette, som alle har formidling som profesjon, alle har nynorsk som kjernespråk og alle bruker digital teknologi i produksjon og publisering.

Nynorskhuset skal vere eit fyrtårn for det ekte, norske språket som Ivar Aasen fann og utvikla på 1800-talet. Ambisjonen er at huset skal romme eit mangfald av medieverksemder og kulturinstitusjonar med det nynorske språket som felles himmel.

Ta etterutdanning hos oss

Du lærer å spele på nynorsk, levande og truverdig. Du blir tryggare på scena, og du får verktøya du treng for å spele rollefigurar som det går an å tru på.