Første kull på radio

24. februar 2025

Fredag 21. februar var Nynorsk Scenespråksenter sitt første kull gjestar på “God morgon Sogn og Fjordane”.

Arjan, Pernille, Stine og Jacob var alle gjestar i “God morgon Sogn og Fjordane”, med programleiarane Stian Sjursen Takle og Brit Jorunn Svanes fredag. Her snakka dei om korleis Førde har vore til nå, om forventningane sine til kurset, og fekk bryne seg på ei utfordring frå Stian.

Ikkje minst vart dei inviterte attende når dei har slått heilt over til sunnfjording!

— Vi skal bli hardbarka sunnfjordingar når vi er her, det er det som er målet, seier Arjan Nilsen.