Vil du briljere på nynorsk?Vil du spele Jon Fosse truverdig og levande?Ønsker du å meistre kva dialekt som helst?

Vil du briljere <br>på nynorsk?Vil du spele Jon Fosse <br>truverdig og levande?Ønsker du å meistre <br>kva dialekt som helst?

Kven er vi?

Nynorsk scenespråksenter er Teater Vestland si etterutdanning og eit nasjonalt senter for skodespelarar frå heile landet, der dei får styrka kompetansen sin i nynorsk og overgang til nynorsknære dialekter.

Nynorsk scenespråksenter er oppretta med støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, som deler ut gåver frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.

Kven er du?

Du kan sjekke av på minst eitt av desse punkta:

Ta etterutdanning

Hos oss får du ei innføring i nynorsk. Du lærer dialektovergang, først og fremst til nynorsknære dialekter, men metoden kan brukast på kva dialekt som helst.

Vi tilbyr

Nynorsk er ein viktig del av identiteten vår, og med nyskapinga Nynorsk scenespråksenter får fleire unge talentfulle skodespelarar lære å spele på nynorsk. Det heiar vi på!

Hallvard Klakegg, direktør i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane

I møte med ein ny dialekt (talemål, talemåte) blir vi fort ståande att med eit talespråk utan liv og innhald. Orda blir tekniske øvingar utan meining. Kroppen stivnar. Den nye språkdrakta blir for lita – vi får ikkje puste, vi får ikkje bruke stemma vår, tenke klart eller røre oss fritt. Ved Nynorsk scenespråksenter får deltakarane hjelp til å lage seg ei ny, fargerik drakt – med god stretch og ei nynorsk passform.

Eldbørg Lognvik, språkpedagog

Skodespelarar som må spele på ei anna dialekt enn den dei bruker til vanleg, fortener å kjenne seg trygge på scena. Publikum på si side fortener å oppleve eit mangfald av dialektar i teater, film og lydproduksjonar. Dette skal Nynorsk scenespråksenter medverke til.

Terje Lyngstad, dagleg leiar