
— Det er totalpakken som er så fin
I februar starta tidenes første kull på Nynorsk scenespråksenter. Ei 14 veker lang, intens «språkreise» i Sunnfjord ventar.

Arjan Nilsen, Pernille Sandøy, Jacob Nasseri og Stine Elverhøi Johnsen. Foto: Heidi Hattestein
— No har eg brukt ordet «eventyr» i overkant mange gonger, men det er nettopp det det er, seier Arjan Nilsen, éin av fire deltakarar i det første kullet.
Han og Stine Elverhøi Johnsen kom køyrande til Førde med dobbeldekkarbuss frå Oslo. Dei sat heilt framme på øvste dekk og åt bollar og drakk brus og såg Noreg brette seg ut framfor dei. Og dei fekk ta ferje, ikkje minst.
— Det er som å bli løfta ut av kvardagen. Men noko slaraffenliv blir det ikkje. Det var rett på sak frå første dag. Vi måtte presentere oss på sunnfjordsk – mens vi blei filma! Planen er visst å filme oss siste dagen også, for å sjå framgangen, seier dei og grøss-ler.

Framme på Førde rutebilstasjon. Foto: Arjan Nilsen
Dei fire deltakarane er plukka ut blant 90 søkarar.
— Allereie etter eit par dagar merkar eg at eg er blitt betre kjent med meg sjølv og korleis eg er på mi eiga dialekt. Vi lærer å opne øyra – verkeleg opne dei – og det er noko litt anna enn å berre høyre, seier Jacob Nasseri.
— Så viss det ser ut som om vi ikkje høyrer kva du seier, så stemmer nok det. For vi har meir enn nok med å oppfatte _korleis_ du seier det, repliserer Stine Elverhøy Johnsen.
Ho er glad for denne sjansen til å nerde om dialekt.
— Sjølv om eg speler på ei anna dialekt enn mi eiga, ønsker eg at det skal kjennest at det kjem frå meg. At det ikkje blir endå eit lag oppå eit anna lag, seier ho og får støtte blant dei andre.
— Gjennom det vi lærer blir vi meir fin-innstilte og styrkte som skodespelarar. Det er totalpakken som er så fin, seier Nasseri.

Førde har sin eigne bysti med innlagt utsiktspunkt kalla Vidsyn.
Tre av deltakarane kjem austanifrå, den fjerde frå nord.
— Dialekt er ein stor del av identiteten min, seier Pernille Sandøy frå Tromsø og held fram:
— Opphaldet blir intensivt på alle måtar. Vi er omgitte av sunnfjorddialekta kvar einaste dag, og i tillegg bur vi saman og gjer «lekser» saman i Prestegarden. Vi pustar og drøymer sunnfjordsk! seier Sandøy.

Allereie første dagen trakka Arjan Nilsen og Jacob Nasseri seg opp på «byfjellet», Hafstadfjellet 706 moh. Foto: Jacob Nasseri
Dei neste 14 vekene venter eit tett program med ei opplæring som tek for seg mange sider av nynorsken.
Hovudvekta er naturlegvis lagt på å lære deltakarane metoden som blir brukt til å gå frå ei dialekt til ei anna. Det er eit nitidig arbeid som krev mykje tid til å lytte og notere, og å øve på å framføre tekstar som er lesne inn av folk som har ei nynorsknær dialekt, i dei fleste høva ei dialekt frå Sunnfjord. Elles blir det opplæring i språkhistorie og nynorsk språklære, grammatikk og rettskriving. Krydderet på toppen er besøk av fleire dyktige gjestelærarar, både frå akademia og teaterverda, regissørar og skodespelarar. I tillegg til fri bustad får dei betalt under etterutdanninga.

Lyskrysset Førde. Foto: Arjan Nilsen
Så kva inntrykk har dei av Førde etter den første veka?
— Eg har gått forbi den same personen på same tidspunkt fleire morgonar på rad. Det er så stille her at ein legg merke til slike små ting. Så no er vi kompisar, seier Sandøy.

Pernille Sandøy framfor Prestegarden, der alle deltakarane bur i kollektiv. (Privat foto)
Også Nasseri har bite seg merke i at tempoet er rolegare her enn i Oslo. Han kom flygande til Førde og landa på Bringeland i strålande solskin.
— Utsikten over fjella mellom aust og vest var heilt sjuk! Og på flyplassen passa bussjåføren på at alle hadde kome seg ut, før han køyrde. Det synest eg var omsorgsfullt.

Utsikt frå flyet. Foto: Jacob Nasseri